Steik Opp AS driftar Steinnes Whitehouse. Vi har fast PA-anlegg og Backline. På jakt etter øvingslokale? Eller ønsker du meir info? Ta kontakt!
Under ser du nokre av banda som øver på Steinnes Whitehouse.
Duo Lada
Med kule solbriller og fagert skjegg, set dei ut på ei ferd med mål om å lage musikk like smakfull som heimeøla deira.
Duo Lada består av: Lars Andre k Olsen, Daniel Lysbakk og Håkon Følsvik.
(Foto: Dina Rygg Eide)
Eidem
Med felles interesse for Blues vart Eidem starta opp rundt musikkmiljøet på Whitehouse øvingshotell i Ørsta våren 2020. Bandet er inne om mange stilar innanfor bluesen der ca 50% av materialet er sjølvlaga. Stikkord,: Groove, shuffle og sjel. Med sine lidenskapelege opptredenar, dyktige musikalske komposisjonar og kraftfulle vokal leverer dei ei oppleving som vil røre ditt hjarte og etterlate deg ynskjande etter meir.
LOOF
LOOF er eit rock/grunge/indie-basert band som starta opp i hjarte av Sunnmøre (les: Volda/Ørsta), og består av godt erfarne musikarar med bakgrunn frå utallige musikalske konsept, nokre med røter heilt tilbake til 90-talet og fram til i dag, og rocken står som sjølve grunnfjellet for karane. LOOF er eit klassisk live-band, og vil aller helst vere på ei scene! LOOF spelar eigenproduserte låtar, med sjarm og entusiasme, og sin heilt særeigne sound – og sjølv om rocken står sentralt hentar dei inspirasjon frå så å seie alle sjangrar til låtane sine.
→ Spotify
MAK
MAK er eit norsk-islandsk band. Deira unike sound er ei blanding av rockepåverka pop, med djupe røter frå både postrock og ambient musikk. Bandet har ei musikalsk atmosfære som tar lyttaren med på ei reise gjennom spektakulære klanglandskap.
Agneta si vakre stemme malar levande bilete av følelsar og stemningar, og ein kjenner kvar einaste tone ho syng.
MAK er ikkje berre musikk, men ei reise gjennom både tid og stad. Er du på leit etter ei unik musikkoppleving, er MAK definitivt eit band å halde eit skarpt auge med.
Pastor Rex
Pastor Rex og hans meinigheit frelsar folk med sine retro funkbeats, groove, rap og feite refreng. Ein svolten jakt etter kjærleik og pengar skjulast bak eit konsept av frelse og glede i eit samanhengande show som spraker og overraskar. «Eit av dei beste banda eg har høyrt», uttalte Vidar Busk etter bandets opptreden på Trandalblues i 2022. Pastor Rex vart booka inn til Moldejazz 2023 fordi programkomiteen vart overraska over kvalitetsnivået og svært sjarmert av bandets energiske bånngass-jubaluba-soulfunk.
PöCK
PöCK er eit punkrockband frå Ørsta/Volda som spelar breibeint rock`n roll. Bandet vart starta som eit reint Danko Jones-coverband, men målet er å snekre i hop eige materiale etter kvart. Pöck vart skipa ein vinterkveld på Steinnes Whitehouse, og som alle rockeband med lite respekt for seg sjølv starta alt med ein skål..
Southbound – the band
Fire vaksne menn og ein ungdom spelar Thin Lizzy
– Vidar Johan Vartdal, gitar
– Henning Hamre, gitar
– Kjell Varpen, vokal
– Bendik Mork Folkestad, bass
– Trond Are Ryste, slagverk
(Foto: Lena Bratteberg)
Trio De Lid
Trio De Lid er ein akustisk trio som har sitt utspring frå musikkmiljøet på Steinnes Whitehouse. Trio De Lid har spelt saman sidan 2019 og har på denne tida opparbeida seg eit rikt repetoar. Alt frå viser og rock, til funk og hiphop. Trio De Lid hatt eit flust av konsertar, både store og små.
Trio De Lid passar perfekt som eventband, til store eller små selskap eller berre som taffel. Rett og slett ein god gjeng med røynde musikarar som ynskjer at alle skal få ein god opplevelse av musikken!